Hardingfela 300 år

Af
| DMT Årgang 27 (1952) nr. 01 - side 8-10

Artiklen er indscannet fra det trykte magasin; der tages forbehold for fejl

  • Annonce

    Man skal høre meget

HARDINGFELA 300 ÅR

AV ARNE BJÖRNDAL

For norsk instrumental folkelmusikk er det hardingfela (hardangerviolinen) som har vore årsak til den rikaste utviklingi. Den musikken dette instrumentet var eksponent for og årsak til, skapte og epoke for norsk kunstmusikk.

Fyrste gongen me ser hardingfela omtala på prent, er i artikkelen: »Efterretning om Viol-,Mageriet i Vigöers Præstegield i Hardanger».(1) Der vert det M. a. fortalt at ein mann heitte Klark hadde hola ut nokre trestykke som han sette strenger på. Dette er lite å festa seg ved. Derimot er det me får vita om Isak Nilsson Botnen (1663- 1759) og Trond, son hans (1713-1772), meir å lita på. Isak Botnen var el kunstnarnatur, serleg var han ein framiftå treskjerar. Som felemakar vann han ry for dei fine og gode instrumenti sine. Og etter at han av bilethoggeren og målaren Didrik Muus hadde lært å fernissera felene sine, vart han vidgjeten for dette arbeidet sitt. Instrumend hans var so ypperlige at »de preferertes andres» og vart nytta både innan- og utanlands. Den danske violinisten Henrik Freithoff (1713-1.767) hadde elt av Isak Botnen sine instrument.

Trond Botnen og svogeren Sjovat dreiv og med felemakeri. Seinare höyrer me meir om Isak og Trond Botnen.

Nemnde artikkel har hatt grunnleggjande verd for granskingi av hardingfela. Heilt fram til 1900-talet var det mange som meinte at hardingfela var oppf unni av Isak Botnen. Men det var ingen ting i vegen for at det kan ha vore laga slike instrument för hans tid; og seinare gransking har synt at han ikkje var den fyrste.

Opphavet til hardingfela ligg attom Isak Botnen. På Universitetet i Bergen (bygdesamlingi nr. 4670) er det ei hardingfele som er den eldste me kjenner. Inni fela står skriven »Ole Jon-sen Jaastad 1651». Me granska denne fela i 1942 og fann at årstalet 1651 er ekte.

Ola Jonsen Jåstad eller »Ola med hat», som han vart kalla, var lensmann i Ullensvang i Hardanger Hån var född i 1621 og er nemnd i 1649 og 1667. Han miste livet ved eit ulukkeshende, og me finn ikkje dödsåret hans i kyrkjebökene.

Jåstadfela har berre to Understrenger. Isak Botnen tok og til med det, men - seinare nytta han 3 og 4. Dei ymse mål på fela, er desse: Felekroppen 32,2 cm., sargen 3,25 cm. (svært hög men varierar litt her og der), högd på midten 7 cm., breidd bak 18 cm., framme 14 cm. Lengd på halsen med kassen og snekken 23 cm., handgrep, 10 cm., högd på hesten (stolen) 3,5 cm., mensuren (strengene si frie lengd) 2 5, 5 cm.

Materialane: Loket og fingrebrettet av furu, botnen av svartor og sargen av ask; halsen og klossane inni fela er av björk. I storleik er instrumentet litt mindre enn ei Y4 fele. Bretti framme og bak er innlagde med bein, tre og perlemor i 4 mm. ruter. Halsen på jåstadfela endar i eit dyrehovud, nærmast ein drake. På vanlege feler var det helst lövehovud.

Jåstadfela er i prinsippet bygd etter mönster frå den vanlege fela (violin), men med materialar av norsk trevyrke. Og ornamentikken på instrumentet er i stil med utkroting i gamle stover, slik det for hundrader av år sidan var vanleg i Hardanger, serleg i Sörfjorden.

Ideen til understrengene er helst etter paverknad utanfrå, truleg frå viola d'amore, som ofte og hadde fingrebrett dekorert med bein og perlemorfigurar. Fingrebrettet er högt, mest halvrundt oppå, som på ei vanleg fele, og jåstadfela viser seg stort sett å vera laga som den. Dette syner seg m. a. av det at halsen gar eit stykke inn i fela, og endar i ein trekloss fastlimt i botnen. Sargen er fellt inn i klossen med sidekilar plent som på vanlege feler av det billege slaget. I tidlegare tid lista dei heller ikkje felene inni; slik og med denne fela. Hardingfela er i hovudsaki den italiensk-tyske violin omforma på norsk grunn og laga slik at ho passar for våre tilhåve.

Granskarar som Hortense Panum, Erik Eggen og Catharinus Elling er samde om at understrengene på hardingfela har sitt fyrebilete i viola d'amore. Denne fela hadde understrenger og var svært populær i England og Skottland på 15-16-hundretalet. I hundrader av år har det vore mykje samkvem millom Skottland og Vestlandet, serleg Hordaland. Skottane vart vel mottekne, og tok del i bygde- og kulturlivet, så det er mykje truleg at vestlendingane har fått kjennskap, til viola damore gjenom dei. Alt i millomalderen var det eit livleg samkvem millom. nordmenn. og skottar. Og frå 1300-talet har me fleire historiske ballader med vesterhavs- tendens. I Bergen hadde det vore mange skottar lenge för fyrstnemnde århundre, og frå 1550-1751 fekk nesten 400 skottar borgarbrev der. Både ökonomisk og kulturelt hadde dette mykje å seia. Me kan med det same minna om at Petter Dass og Edvard Grieg hadde sien aner frå Skottland.

A fastslå når den fyrste hardingfela vart laga, er uråd; men at ho må vera eldre enn fela frå 1651, synest truleg. Når me alt i 1695 höyrer slåttar spela, på eit slikt instrument(2), ligg det ei lenger utviklingstid attom. Sagn som folkefantasien spann kring hardingfela, skulle fortelja noko om det, men dei provar ikkje noko om sjölve opphavet. Og me må halda oss til fakta.

At det i indre Hardanger kan ha vore felemakarar me no ikkje kjenner til, er truleg. Musikformene og spelstilen på hardingfela må vera mykje gamal. Men det er med Ola Jonsen Jåstad at me finn utgangspunktet.

Instrumentet som truleg har vore det tekniske grunnlaget for utviklingi av norsk folkemusikk för hardingfela, ved side av lengeleik, flbyte og munnhorpe, var hårgia, elt instrument med strenger av hestetagl. Hårgia er i ei bok frå 1646 nemnd som ei bondefele(3) og professor Hannae(4) kjem, til det resultat at hårgia er det-same som hardingfela-. Han meiner at förestavingi hår er den same som hord i folkenarnnet hordar, og ser heilt bort f rå at hår viser til bake på strengematerialet.

Nei, det er nok eit anna og eldre instrument enn hardingfela Jensen nemner i boki si. Alt talar for at hårgia og hardingfela er to ulike instrument från hvar sin tidsbolk. Slik hardingfela.er i form, stil 09 struktur, er det umogeleg at ho, har noko å gjera med hårgia. Ho visar seg heller å vera nær knytt til den vanlege fela.

Hestehår eller tagl. var tidlegare eit mykje nytta strengevyrke for strykeinstrument. I fylgje professor dr. Otto Andersson, Finnland, har slike instrument vore nytta, i Finnland, Sverike, Russisk Karelen og Estland, og under namnet gue på Shetland. Dei vallsiske keltar nytta tidlegare ei harpe med hestehårsstrenger som dei kalla telyn, men ho vart utkonkurrert av den irske harpa med metallstrenger. Professor Andersson tykkjer det er underleg at professor Hannaas har sett bort frå at hårgia er eit instrument med taglstrenger.

Mange av våre eldste og stårste felespelarar, på hardingfele som på vanleg fele, lxrde seg på instrument med taglstrenger, m. a. meisterane Myllarguten, Mosafinn, Loms-Jakob og Torkjell Austad. Det var eit materiale som både var billeg og lett å f å tak i.

Etter Ola Jonsen Jåstad i Ullensvang, var det Isak Botnen i Kvam. som heldt fram. å laga hardingfeler, vanlege feler frå fyrst av. Ikkje lenger det er i frå Botnen i Fyksesund til Jåstad i Sörfjorden, om lag tre mil, måtte han ha visst om felemakaren der inne. Han trong ikkje ha det frå den legendariske Lars Klark, »som for moro skyld udhulede nogen træstykker som han satte strenge pa». Jåstadfelere var elt faktum för Isak Botnen var född.

Isak Botnen og son hans, Trond, hadda sans for handel. Isak f ann ut at det Iönte. seg betre å laga feler til musikarar og byfolk enn til fattige b5nder, og han vart ein dugande flatfelemakar. Månsteret hadde han i ei tysk f ele som var komi til Botnen med ein framandkar dei kalla Austlands-Pål. Han var truleg av taterætt. Taterane spela, gjerne fele og hadde slike instrument med på ferdene sine. Ei Isakfele finst på Oslo, Kunstindustrimuseum, og ei i privat elge i Ullensvang, Hardanger.

Trond Botnen vart gift med enkja på Flatabö. Han f lutte dit og overtok garden i 1742, og etter den tid kalla han seg Flatabd. Han vart den fremste felemakaren i si tid. Ingen einskild mann har laga so mange hardingfeler som han. Han reiste til marknadane i R51dal, Lærdal og på Kongsberg med felene sine, og på den måten vart dei spreidde over store luter. av landet. Han fekk. opp til 10 dalar for dei beste. Det firist no, att om lag 20-30 Trondafeler. Ei av dei er i W. Heyers musikkhistoriske Museum i Köln. Ho er innlagd med bein og ibenholt. På namnesetelen står: »Trond Isaksen Flatebö 1758». Historisk Museum ved Universitetet i Bergen har ei Trondafele laga 1756. Den eldste fela av denne meisteren er frå 1725. Han var då berre 12 år gamal; det er eit fint instrument og er no å finna i Valdres.

Seinare har me hatt mange flinke felemakarar som laga hardingfeler. På Vestlandet var det johs. Tveit (oldefar til komponisten Harald Sæverud). Fleire av felene hans finst på Historisk Museum i Bergen. Av Anders Anderssen sine feler kjenner me ei frå 1710. Ho, har tre understrenger. Broren, Hans Andersen, var og felemakar. Ei fele av han på Historisk ,Museum, Bergen, er frå 1769. Ei av felene til Engel Bjotveit er på Musikhistoriska Museet i Stockholm (nr. 56). Ho, er laga i 1784. På Museum des Konservationum, Bryssel, er ei fele av Anders Heldal. Det var han som reparerte felene til Ole Bull og sette harg i dei, lange felebogane hans. Knut övreveit laga over 1.000 hardingfeler og fekk prernie på utstillingi i Bergen 1898 der Edv. Grieg var ein av domarane.

Ved sida av vestlendingane var det telemarkingane som laga dei beste og vakraste hardingfelene. Dei mest kjende felemakarane der var Helland- og Steinkjöndalættene, og av Eirik Jonson Helland kjöpte Ole Bull tre instrumént. Den eine av desse felene som han gav til ein spelemann på Valestrand, der han hadde sin sumarvilla, finst enno, der. Den fremste av dei yngre hardingfelemakarane var Anton R6stad.

Mange andre felemakarar var det i dei ymse bygdelag der hardingfela vart nytta. Elles laga spelemennene ofte instrumenti sine sjölve. Det er ikkje so få tusen hardingfeler som har vore bygde genom desse 300 år. Det er sikkert og grunnen til at musikken på dette instrumentet er so rik og hågt utvikla. Men mange av desse klenodier vart öydelagde, brende eller knuste, av religiöse fanatikarar.

Hardingfelemusikken er i stor mun utbygd på vokalt tonestoff i sull og stev. Feleslåtten er ei instrumental form av den tidlegare tralleslåtten, som var eit slag dansevise. Denne musikken nyttar mest krysstoneartane, serleg D, A- og E-dur, men med eit sterkt lydisk melodidrag. Istaden for mange toneartar har hardingfelemusikken meir enn eit sneis ymse felestemmingar, alle med sine sernamn. Og dei gjev grurinkarakteren i den stemning dei enkelte slåttane skulle tolka. Dei tradisjonelle slåttane i brudlaup går på ulike stille.

Understrengene på hardingfela gjer at det er lite höve til å modulera, ein er bunden til dei klangfargar som ligg i resonansstrengene, som må omstemmast i samhöve med overstrengene og dei ymse toneartar. Hardingfela er mest eit durinstrument, og ho, har viska ut noko, av mollelementet som låg i det opphavlege grunnstoffet. Frå enkelt vokalt opphav voks hardingfeleslåtten fram til ein musikkultur av stort og varande verd. Dei tekniske krav vart större etter kvart. Mange av spelemennene vart reine meisterar i si kunst. Me kan berre namna den geniale Myllarguten som fekk so mykje å seia for Ole Bull, som själv kunne spela hardingfele og gav norske slåttar på dette instrumentet ved ein konsert i Lusanne i 1833.

Men endå st Ure verd fekk denne musikken for Edvard Grieg. Som Bull s,5kte han og til den levande folkekunst på dette kulturområdet. Samveret hans med Ola Mosafinn og Sjur Helgeland, Voss, og Olav Moe, Valdres, hadde sikkert inspirerande innverknad på han. Mange av komposisjonane hans syner oss og at han hadde godt kjennskap til denne sermerkte musikkstilen.

At hardingfela vart ei framifrå teknisk hjelperåd for framvoksteren av folkemusikken vår, er sikkert nok. Denne musikken er særeigen i form, klang og rytme og har hatt mykje å sela for musikkulturen i Noreg. Det viser seg at bygdespelemennene praktiserte ein harmonik som tonediktarane våre fyrst meir enn hundre år seinare vaga å nytta, og då med Edv. Greig i brodden. Millorn våre störste komponistar som har bygt på hardingfelemusikken utanom, Edv. Grieg og Ole Bull, er Johan Svendsen og Johan Halvørsen av den eldre generasjon, og Harald Sæverud, Eivind Groven og Geirr Tveitt av den yngre. Ein kann med full rett sia at han skapte epoke for norsk kunstmusikk.

Fodnoter:
(1) »Ef terretninger fra Adresse-Contoiret i Bergen i Norge» for 1766, nr. 46.
(2) Bergens Museums Årbok 1945. Hist. Antikv. rekke nr. 1. Då ein höyrde underjordisk musikk på Kyrkje Byrkjeland i Fana, av Arne Björndal.
(3) Christen Jensön: Den Norske Dictionarium eller Glosebog, Kbh. 1946, s. 46.
(4)Bergens Museums Aarbok 1916-17. Hist. Antikv. Række Nr. 1, Hardingfela, av Torleiv Hannaas.
(?- s.10 nederst) Lutgendorf: Die Geige und Lautenmachen B. II, s. 525 og s. 661.